Om Gründerparken

Starte bedrift? Gode idear? I Bjørnafjorden Gründerpark finn du alt du treng for å komme i gang!

Fotograf: Silje Lepsøy

I Bjørnafjorden Gründerpark finn du eit miljø som er utviklande, støttande og sosialt. Her får du faglig påfyll, tilgang på gode ressurser, god kaffi og eit trivelig miljø med utsikt over den vakre Bjørnafjorden.

Slåbrok eller dress?

Vi er ikkje så opptatt av kva du går med, faktisk. Men, som gründer er det viktig å komme seg ut frå soverommet eller stova og oppsøke eit miljø der både du og ideen din kan vakse i lag med andre som driv med det same. I Bjørnafjorden Gründerpark finn du folk frå ulike bransjar, men alle driv ei oppstartsbedrift.

God tilgang på ressurser

I Bjørnafjorden Gründerpark finn du mange som vil hjelpe deg. Her treff du folk frå kommunen og næringsrådet, og nokre gongar i månaden kan du treffe folk frå Bookeeper AS og Picapoint AS som gjer deg tips og råd innan sine fagfelt.

Os Kommune og Bjørnafjorden Næringsråd har eit stort nettverk og lang kompetanse med innovasjon og gründerskap. Dei er der for deg og vil gjerne hjelpe støtte deg i din prosess.

Både Os Kommune og Bjørnafjorden Næringsråd nyttar Gründerparken til ulike arrangement som t.d. frukostmøter, Laus Onsdag, #ideLARM!, Liv Laga og andre arrangement som du får tilgang på som leigetakar i Bjørnafjorden Gründerpark.

I tillegg samarbeider Bjørnfjorden Gründerpark med ei rekkje større bedrifter og organisasjoner som du vil ha god nytte av. Til dømes;

  1. Sparebanken Vest
  2. BTO (Bergen Teknologioverføring)
  3. Connect Vest
  4. Innovasjon Norge
  5. Forskningsrådet
  6. Hordaland Fylkeskommune

 

Godt miljø og kjekke kollegaer

Som gründer er du kanskje aleine. Både om ideen din, jobben som skal gjerast og på (heime)kontoret. Det å vera gründer er ein skjør ting, og du treng ofte både hjelp, støtte, rettleiing og kanskje til og med litt trøst. I Bjørnafjorden Gründerpark treff du folk som kjenner desse prosessane godt og som vil vera dine næraste kollegaer i oppstartsfasen. Felles lunsj, kaffiprat, råd og tips, vaffelfredag, lønningspils - det skjer mykje i Gründerparken!